Høyringssvar - Kommuneplan (Samfunnsdel 2034) for Bykle kommune.

29. mai 2023 ga me følgende høyringssvar i forbindelse med ny kommuneplan (samfunnsdel) for Bykle kommune:

Det blir vist til utlysning på Bykle kommune sin nettstad rundt revidering av Kommuneplan (Samfunnsdel) for Bykle kommune med høyringsfrist 8. juni 2023. Me i Fortidsminneforeininga ynskjer med dette å komme med innspel i saka.

Fortidsminneforeininga har som formål å arbeida for bevaring av vårt lands verneverdige kulturminne, og å skapa allmenn forståing for verdiane av desse. Me skal vera den leiande frivillige organisasjonen i det norske kulturmiljøvernet. Hovedoppgåvane våre er mellom anna å arbeida for å styrkja tradisjonshandverket og bygningsvernet, engasjere oss i lokale vernesaker og påverka kulturminnepolitikken i Noreg.



Vår konklusjon: Fortidsminneforeininga takkar Bykle kommune for det viktige arbeidet sitt med Kommuneplanens samfunnsdel. Dette er eit viktig dokument som vil ha mykje å seia for mange i lang tid. Sjølv om mykje er bra, så er ikkje omsynet til kulturmiljøinteressane tilstrekkeleg klargjort eller teke omsyn til i forslaget til samfunnsdel. Kulturmiljøa er berekraftige og har mykje å seia for utviklinga og attraktiviteten. Me har difor komme med nokre få punkt som me ber om at implementerast i den vidare medverknadsprosessen.

GENERELT:

Ein kommuneplan (Samfunnsdel) er eit svært viktig dokument som skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet samla sett og kommunen som organisasjon. Den bør innehalda ei skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen. 

Det er utruleg flott at ein har lagt til grunn berekraftsmåla i arbeidet, men det er dessverre uheldig at foreslått samfunnsdel ikkje nemner ord som kulturminne eller kulturmiljø. Innanfor Bykle kommune finst svært viktige kvalitetar innan kulturarven, som samfunnet bør bruka og leggja til rette for at blir vidareført til dei kommande generasjonane. Desse er også ein av styrkane til kommunen og bidreg til at ein framstår unike og ein stad med ein stolt identitet og særpreg. Dette må derfor komma tydelegare fram.

Mellom anna burde kulturminnepolitikken til kommunen nedfellast i kommuneplanens samfunnsdel, helst som eit eige kapittel med mål og strategiar som kan knytast til samfunnsdelen arealstrategiar og koplast opp mot andre mål innanfor til dømes reiseliv, næringsutvikling, folkehelse og friluftsliv.  

I dei innleiande føresegnene til plan- og bygningslova, §3-1 er «Oppgåver og omsyn i planlegging etter lova» omtalt. I tillegg til at samfunnsdelen i kommuneplanen bør vera ei drøfting og operasjonalisering av dei spesifikke utfordringane kommunen sjølv har peika ut, bør det også vurderast om oppgåver og omsyn etter plan- og bygningslova §3-1 bokstav a - h er tilstrekkeleg klargjort eller teke omsyn til i prioriteringane til kommunen.

Dette er omsyn som vil vera viktig å drøfta i arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel, og i §3-1 står det «Innanfor rammene av §1-1 skal planar etter denne lova: b) sikre jordressursane, kvalitetar landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljø. 

Då Bykle kommune allereie har fastsett sine fokusområde ynskjer me å bidra til at kommunen avgrensar ressursbruken rundt å laga eit eige kapittel berre for kulturminnepolitikken.  Men då ber me også om at ein i eit par av fokussområda til kommunen legg til og gjera tydeleg kulturmiljøverdiane og viktigheita av god stadsutvikling som styrkjer kvalitetane,  attraktiviteten, samtidig som at ein styrkjer ei berekraftig utvikling.

FOKUSOMRÅDER - GRØNARE KVARDAG:

I utkast til kommuneplanens samfunnsdel har ein i punkt 2.2 sett opp fokusområda til kommunen.  Her har me følgjande kommentarar:

    • Utruleg flott at berekraftsmål 11 og 12 er inkluderte. Kulturminne og eldre bygg er viktige bidragsytarar i arbeidet med å nå klimamåla. Bevaring, oppgradering og energieffektisering av eksisterande bygningar bidreg i dette arbeidet. Bygningar er klimavennlege fordi bygningane allereie for lengst har utlikna klimagassutsleppa frå byggjeprosessen og oftast er bygde med svært gode materialer slik at dei vil kunne stå i fleire generasjonar til. Ein kan lesa meir om dette i Riksantikvarens Klimastrategi.

      Det er også viktig å visa til berekraftsmål 11.4 som seier noko om viktigheita av å styrkja kultur- og naturarven. Ny busetnad bør tilpassast eksisterande kulturmiljø, både når det gjeld busetnadsmønster, volum og strukturar, byggjeskikk, materiale og fargebruk. Om ein byggjer opp under det heilskaplege miljøet, styrkjer ein også heile kulturmiljøet og gjer det robust til å stå over tid. Når ein ikkje tilpassar ny busetnad, bidreg ein til å fragmentera heile kulturmiljøet, og det blir meir sårbart.

    • Me ber om at ein legg til følgjande under fokusområda til kommunen:

      • I Bykle er desse fokusområda i kommunen: 

- I Bykle er me stolte av våre flotte natur-, kultur- og fjellmiljø.

- Få fleire innbyggarar med livstilsval som motivasjon. 

- Faste heilårsjobbar i reiselivet 

- Gode bumiljø med god tilpassing til lokal byggjeskikk og kulturarv 

- Skape eit moderne og attraktivt samfunn 

- Utvikle Bykle som heilårsdestinasjon, med fokus på å styrkja dei lokale kvalitetane slik at den er attraktiv, gjenkjenneleg og sunn å bu i - ein berekraftig kommune som varetek næringslivet, arbeidstakarar, natur- og kulturarven, og besøkjande. 

- Eit breiare spekter i næringslivet 

- Innovasjon og modige satsingar med utgangspunkt i vasskraft 

- Lokal sjølvråderett, langt fram i tid 

- Balansere hyttebygging og langsiktig naturforvalting 

- Eit trygt lokalsamfunn i ei globalt uroleg verd 

- Spele på lag med naturen og kulturarven

- Verna om dyrka mark og bruke innmark og utmark til matproduksjon 

- Kortreist mat og bevaring av kulturmiljøa våre styrkjer identiteten vår og er bra for både miljøet og det lokale næringslivet.

- Inkludering og mangfald, gjerne flyktningar som ressurs 

- Fleire bukarar av alle dei gode kulturtilboda, anlegg og bygg 

- Tilhøyrigheit, kvardagstrivsel og god helse 

- Der det er kulturmiljøverdiar, skal ein prioritera ombruk og transformering av bygningar framfor riving. I desse områda skal ein også planleggja og utvikla gjennom god stadstilpassing slik at kvalitetane i den lokale kulturarven blir styrkte og ikkje svekte.

KULTURMINNEPLAN / OMSYNSSONER:

Sjølv om dette punktet ikkje er ein del av arbeidet med samfunnsdelen, tek me det likevel opp. Det gjer me fordi det kan vera ei stor utfordring i arbeidet med arealplanlegging og kulturmiljøarbeid når stader med viktige kulturmiljøverdiar ikkje er synlege i kartverket. 

Bykle kommune har eit godt kartverk der dei har høve til å leggja til omsynssoner i kartlaga. Allereie er omsynssone for «bevaring naturmiljø, H_560) lagt til, men me kan ikkje sjå at ein har lagt til omsynssone for «bevaring kulturmiljø, H_570) nokon stad. 

Me ber om at kommunen legg til alle kulturminne/-miljø som er nemnde i kommunens Kulturminneplan vedteke i 2017 og eventuelt også miljø med Sefrak registrerte bygg og arkeologiske kulturminne slik ein finn i Riksantikvarens kulturminnekartverk.  

Dette arbeidet vil gjera det enklare for forvaltning og andre i det daglege arbeida deira slik at ulike omsyn blir følgt opp og slik at potensielle interessekonfliktar betydeleg blir avgrensa. Ei slik registrering i kartverket er også billig og kan enkelt knytast opp mot eigne bestemmelser i eit eige punkt i kommuneplanreglane for omsynssoner, når kommuneplanens arealdel skal reviderast.

SAMANDRAG:

Ein kommuneplan (Samfunnsdel) er eit svært viktig dokument som skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet samla sett og kommunen som organisasjon. Den bør innehalda ei skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen. Derfor er me takksame for at me som interesseorganisasjon for kultur- og bygningsarven kan medverka i prosessen.

Det er utruleg flott at Bykle kommune har lagt til grunn berekraftsmåla i arbeidet, men det er dessverre uheldig at foreslått samfunnsdel ikkje har klargjort eller teke omsyn til kulturmiljøinteressene tilstrekkeleg, jf. plan- og bygningslova §3-1 bokstav b).

Bykle har ei stolt historie og bygningsarv, men med dagens utvikling generelt ser me oftare at slike kvalitetar kjem under sterkt press. Difor kan ei tydeleggjering slik som her i Kommuneplanens samfunnsdel bidra til å styrkja ein positivt utvikling vidare der kvalitetane ikkje blir svekte. Dette må difor komma tydelegare fram i samfunnsdelen, slik at ein i det vidare arbeidet klarer å tenkja to ting på ein gong, nemleg utvikling gjennom bevaring - ikkje berre det eine eller det andre.

Me har på dette grunnlaget komme med nokre få punkt ovanfor som me meiner er svært viktige og som me meiner vil bidra til ein positiv og tydelegare berekraftig  utvikling der kulturmiljøomsyna blir teke i betraktning. Me håpar difor at kommunen vil inkludera desse i den reviderte Kommuneplanen (samfunnsdelen).

Har dykk spørsmål i samband med høyringssvaret vårt så ta berre kontakt.

Beste helsing,
Fortidsminneforeininga, Aust-Agder lokallag
v/Torgrim Landsverk
Styreleiar


KOPI:
- Agder Fylkeskommune v/Seksjon for kulturminnevern og kulturturisme
- Riksantikvaren
- Fortidsminneforeininga, Agder avdeling

Forrige
Forrige

Vindusrestaureringens dag: Vi har intervjuet vindusrestauratør Ole Ugland.

Neste
Neste

Høringssvar - Varsel om oppstart planarbeid for Strømsbusletta felt S1, Arendal kommune.